Mørk vind
Ein djup tone
Mange røyster
frå årevis med høyrespel
kviskrar som ånder i ventilane
Dei store vengene
vernar vår gamle glød
Det som er att
er ikkje idyll
men det som brenn hol i tida
og viser oss kven me er
der inne kor språket
og røynda
omfamnar kvarandre
Medan me sit heilt stille
med augo lukka
lener din ømhet seg
mjukt inntil min