Ein del av diktsamlingane mine har kome i meir eller mindre lauslege trilogiar. Dei tre samlingane som heng tydelegast saman er Mennesketimar – Mennesketing – Menneskerom
Desse kom ut i 1980, 1981 og i 1982.
Det går òg an å sjå dei tre første bøkene mine som ein lausleg trilogi:
Hendene i byen – Til dine auge – Taxameter og puls
Desse kom ut 1977, 1978, 1979
Det same gjeld dei tre Gyldendalsamlingane:
Lyssmeden – Han skil dagen – På terskelen til morgonhuset
Desse kom ut i 1983, 1984, 1986
Det finst òg to slike serier av samlingar som i sin heilskap kom ut på Det norske Samlaget:
Den monotone triumf – Til fots i mitt namn – Avstanden er eit vipeskrik Desse kom ut i 1989, 1990, 1992
Samt følgjande tre bøker:
Umerkeleg, merkeleg – Bare eitt spørsmål til – Inntil vidare ventar me her
Desse kom ut i 1996, 1997, 1998
Den siste trilogien starta med Alt er høy (2007), på Samlaget, og har så halde fram med Alabama? (2011) Aschehoug og vert avslutta i år med Alt brenner på Aschehoug.