Mobirise website builder software

SCHWEIGAARDSGATE

Eg har ete byen 

Eg har gnaga i meg 

alle vindaugo 

som brann hol i natta 

Slukt sirenene som 

gret i Kirkeveien 

Eg har fortært bakgatene 

ei etter ei 

og ete bilar 

med gapet 

til ei ferje 

Men ein ting 

gjorde eg feil 

Eg åt Schweigaardsgate

Eg har tygga i meg 

parkar 

der folk sov på aviser 

og bruer våte av morgonregn

Eg har konsumert 

heile bydelar med butikkar 

lager og containerar

Eg har sett sporvogner 

koma og gå

i det gulgråe lyset 

av februarkveldar

Bare ein ting gjorde eg galt 

Eg åt Schweigaardsgate 


Eg har maula i meg murar 

asfalterte plassar 

og gomla glupsk på gardsplassar og glava 

Eg sette til livs parkeringsplassar 

blomebed og fotgjengerfelt

Svære uferdige bygningar 

eg ikkje viste kva skulle verta

har eg slukt med stilas og presseningar

Men ein stor tabbe har eg gjort

Eg åt Schweigaardsgate


Holsvolten bytta eg andlet 

med plakatar 

på plankegjerda 

Eg stod sugen i kø 

framfor tunge dører av natt

medan sommarkledde

forventningar ropte og skreik

i gatene 

Eg dreiv grådig gjennom 

varme netter 

når gatelysa drakk håret 

til sminka ungjenter

som om det var regn 

Bare ein ting gjorde eg 

riv ruskande gale

Eg åt Schweigaardsgate 


Eg fråtsa i søppel 

eg har fått meir enn min del

av vrakgods og smadra togvogner 

I denne gule byen 

har eg sett kvart 

morgongråe måkebomba tak

Eg er mett 

Oppfylt av verda 

Eg har ete tiggarar og boms 

og spytta dei ut att 

Eg hallusinerte

og vart gal 

Men bare ein ting 

gjekk heilt på tryne 

Eg åt Schweigaardsgate


Eg har slukt stemmen 

til kompressborar 

og gatemusikantar 

Eg har ete duer 

knuste kassar og kartongar

Eg prøvde

heile tida 

å eta meg ut herifrå

Det klarte eg ikkje 

før eg endeleg

hadde fortært og fordøyd

Schweigaardsgate